Felles personvernombod for sju kommunar

Hans Thomas Solheim er tilsett som felles personvernombod for sju Nordfjord-kommunar.

Personvernombod: Hans Thomas Solheim.  Foto: Privat

Nyhende

Det er oppretta felles personvernombod for Nordfjord. Personvernombodet skal jobbe for at personvernet til tilsette og innbyggarar vert behandla i tråd med regelverket og god praksis.

På innbyggarane si side

–Personvernombodet skal mellom anna bidra til at verksemda, i dette tilfelle kommunane, følgjer den nye personvernlova som vart innført 7. juli i fjor. Personvernombodet vil vere innbyggarane sitt kontaktpunkt når det gjeld personvernsaker i høve kommunane, seier Hans Thomas Solheim som forklarar at IKT Nordfjord, der han er tilsett som rådgjevar, fekk førespurnad frå kommunane om dei kunne ta på seg jobben som personvernombod for kommunane.

–Svaret var ja frå IKT Nordfjord, så her er eg i 50 prosent stilling, seier han.

Oppgåvene

• Informerer om kva type personopplysingar som vert samla inn og kvifor.

• Held oversikt over opplysingane som vert behandla.

• Gje innsyn til den opplysingane gjeld.

• Kontrollerer tilgangen til opplysingane.

• Ber om samtykke frå dei som det vert henta opplysingar om før opplysingane vert behandla.

• Beskyttar informasjonen slik at den ikkje kjem på avvege.

• Vurderer risiko for tryggleiksbrot og konsekvensar av desse.

• Slettar personopplysingar når det ikkje lenger er behov for desse.


Eit personvernombod er ein ressursperson som skal styrke kommunen sin kunnskap og kompetanse om personvern. Personvernombodet rettleiar kommunen slik at personopplysingar blir behandla på ein god måte og i tråd med regelverket. Personvernombodet arbeider med personvernspørsmål, til dømes internkontroll og informasjonssikkerheit. Meir konkret betyr dette handtering av spørsmål om alt frå innsyn, retting og sletting, til avviksmeldingar og personopplysingar på avvege. Personvernombodet har teieplikt og skal fungere som ei uavhengig rolle i kommunen.