Borar for å kutte prisen på Stad-tunnel

Dei første bergprøvane frå Stad skipstunnel er henta ut. Dei skal visa om det er mogleg å bygga ein tunnel til 2,7 milliardar kroner.

Selskapet Diamant Wire Teknikk (DWT) borar seg gjennom traseen til Stad skipstunnel. Bergprøvane skal gi Kystverket eit betre grunnlag for å seia kva tunnelen kjem til å kosta.  Foto: Terje Andreassen / Kystverket

Nyhende

– Prøvane viser ganske godt fjell på Moldefjord-sida av fjellet. Det er mykje gneis, som me forventa å finna, seier avdelingsleiar Terje Andreassen i region Vest i Kystverket til Nynorsk pressekontor.