– Glad vi slepp å forsvare markering av 8. mars

– Dei to siste åra har eg ikkje sett spørsmål i media om kvinnedagen lenger er naudsynt. Det er eg glad for.

Gjekk mot haglskura: Kvinnedagen blei markert med fakkeltog på Seljesanden 8. mars. Og trass vind og hagl var det mange som møtte opp for å gje si støtte til arbeidet for likestilling. Og under samlinga på doktorgarden etterpå var det mange som snakka positivt om at kvinnedagen er blitt viktig igjen.  Foto: Inger Træen

Vi har fått mykje, men det er ikkje nok. Vi skal ha like mykje

Judit Kvåle
Nyhende

Dette sa lokalpolitikar og spesialsjukepleiar Judit Kvåle då ho heldt appell under kvinnedagen i Selje på fredag. Kvåle understreka med dette at kvinnedagen er høgst relevant og naudsynt, og at vegen til likestilling er lang enno.