Betty Hessevik, styreleiar i Bryggja Skule AS:

– Det har vore ulikt syn på leiing

– Det har vore ulikt syn på korleis vegen vidare for Bryggja skule AS burde vere. Eit stort fleirtal av foreldra med born i skulen meinte det burde tilsettast ein rektor. Den stillinga er no lyst ut.

Styreleiar: – I den grad at det har vore uro i samband med generalforsamlinga, så skuldast dette i all hovudsak ulikt syn på korleis Bryggja skule skulle leiast i framhaldet. Styret har bestemt at det skal vere ein leiar, så den saka er no avklart, seier styreleiar ved Bryggja Skule AS, Betty Hessevik. Foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det seier nyvald styreleiar i Bryggja Skule AS, Betty Hessevik, som legg til at i den grad det har vore uro i samband med generalforsamlinga, der både Solveig Midtbø og Sverre Solibakke sa nei til å sitte i styret, i all hovudsak handla om ulikt syn på korleis skulen skulle leiast i framtida.