Sanitetskvinnene samla inn 30.000 kroner

Gåvedryss til elskhugen

– Dette er stort, og pengane kjem godt med, seier styreleiar Per Scott Olsen, etter at Elskhug og eksis tok imot 30.000 kroner i gåve frå sanitetskvinnene på Nordfjordeid.

Nordfjordeid Sanitetsforening: Per Scott Olsen, styreleiar i Elskhug og eksis fekk overrekt 30.000 kroner frå Nordfjordeid Sanitetsforening tysdag – inntekter frå fastelavnsrisa.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Pengegåve: Styreleiar Per Scott Olsen i Elskhug og eksis fekk overrekt 30.000 kroner i gåve frå Liv Stokkenes Jacobsen i Nordfjordeid sanitetsforening. 

Nyhende

Kvart år vert det kjøpt fastelavnsris for nærare 10 millionar kroner i Norge. Inntektene sanitetskvinnene får, går til samfunnsnyttig arbeid, forsking på kvinnehelse og typiske kvinnesjukdomar.

– Ved å kjøpe eit fastelavnsris av Nordfjordeid Sanitetsforening bidreg eidarane til å vere med på ei flott gåve som kjem lokalmiljøet til glede. Vi vel å gjere det slik, samstundes som vi også gir pengar til forsking innan kvinnehelse og livsvilkår, seier Liv Stokkenes Jacobsen i sanitetsforeninga.

I fjor fekk Harpefossen 25.000 kroner til turløyper og rulleskiløype. Året før var det Hogatunet bu- og omsorgssenter som fekk 25.000 kroner til piano. No er turen komen til Elskhug og eksis.

Stor glede

Elskhug og eksis er truleg det største barne- og ungdomsutandørsspelet i landet, og har i år om lag 180 aktørar. Av desse er fleirtalet under 18 år.

Saniteten viser til at dei vil støtte Elskhug og eksis som eit godt barne- og ungdomsarbeid.

– Spelet viser militærhistoria på Eksersisplassen på Nordfjordeid, og tek publikum attende til brytningstida av 1800-talet. Eksersisplassen var inne i si stordomstid.

– Det er ei stor glede for oss å kunne overrekke denne gåva, sa Stokkenes Jacobsen.

Vanskelegare med støtte

– Pengane kjem godt med, lovar styreleiar Scott Olsen, som brukar mykje tid på å skrive søknadar om økonomisk støtte.

– Vi opplever at det er vanskelegare og vanskelegare å få økonomisk støtte. Alle seier dei satsar på kultur – spesielt for barn og unge, men eg har vanskar med å sjå dette materialisert i kroner, seier han.

Styreleiaren vart difor svært glad då han fekk beskjed om sanitetsgåva på 30.000 kroner.

– For oss er dette svært mykje pengar. Dei har også gitt oss 5.000 kroner tidlegare. Eg kan utan å mukke seie at dette kjem godt med, smiler han. Scott Olsen viste til at ein er godt i gang med planlegging av spelet. I år er speldagane, 28., 29. og 30. juni, ei veke seinare enn vanleg grunna skuleavslutning.

Passar saman

Styreleiaren kom rett frå øving i Eid mannskor, og påpeikte at mannskoret – på same måte som Nordfjordeid sanitetsforening – er ein av tradisjonsberarane på Eid. Mannskoret vart skipa i 1912, Nordfjordeid sanitetsforening i 1923, men NKS (landsforeininga) har røter attende til 1896.

– Når vi veit at Elskhug og eksis er lagt til 17. mai -feiringa 1895, så må ein vel seie at sanitetskvinnene og Elskhug og eksis er like gamle og burde såleis passe godt i lag, sa Scott Olsen.