Bil av vegen i Nordfjord

Ein bil har køyrt av vegen på fylkesveg 616 ved Rugsund i Bremanger.
Nyhende

Politiet melder på Twitter at ulykka skal ha skjedd i ein sving no søndag formiddag, og det er berre sjåføren som er i bilen. Han har snakka med politiet og seier seg uskadd, men at bilen er skada i front. Sideairbagen vart utløyst. Naudetatane er sendt mot staden, og politiet melder om tett snøvêr.

Politiet melder klokka 10:13 at naudetatane no er framme på staden. Førar er uskadd, og bilbergar er bestilt.