Verdfulle kyrkjeskattar sporlaust borte

Prosten ber om hjelp

Prost Rolf Schanke Eikum melder at verdfulle kyrkjeskattar som han treng i gudstenesta komande søndag er sporlaust borte. No ber han om hjelp frå dyktige agentar.

Etterlyser kyrkjeskattar: Prost Rolf Schanke Eikum utfordrar no åtteåringane i kyrkjesoknet til å hjelpe til med å finne verdfulle kyrkjeskattar som har blitt sporlaust borte. Foto: Tormod Flatebø 

Eg håper inderleg at åtteåringane kan hjelpe oss å finne kyrkjeskattane

Nyhende

–Det er fortvilande at så mange av kyrkjeskattane våre ikkje er å finne. Eg ser ingen anna råd enn å utfordre åtteåringane i kommunen til å hjelpe oss å finne kyrkjeskattane før gudstenesta komande søndag, seier prost Rolf Schanke Eikum som legg til at starten på den store etterforskinga er lagt frå klokka elleve på søndag.