Energisparing og kostnadskutt hand i hand

Gjennomfører 50 energisparetiltak i Eid

Eid kommune har inngått avtale med AF Energi & Miljøteknikk om gjennomføring av ei rekkje energisparetiltak i kommunale bygg samt utskifting av fleire hundre gatelys.

ENERGISPARING: Det er Jonfinn Hole som er prosjektleiar for EPC-prosjektet i Eid kommune. I tillegg har kommunen leigt inn Kjell Gurigard som rådgjevar i prosessen i første fase. Jan Erik Tolfsrud er prosjektleiar i Oslo-firmaet AF Energi og Miljøteknikk, som er eit dotterselskap i AF-Gruppen og dei som har fått oppdraget med å gjennomføre tiltaka. Frå venstre: Venstre-ordførar Alfred Bjørlo, prosjektleiar Jonfinn Hole, rådgjevar Kjell Gurigard og Jan Erik Tolfsrud frå utførarane entreprenør AF Energi og Miljøteknikk.  Foto: Anna Wuttudal

Det inngått kontrakt med utskifting av 636 gatelys til LED-armaturar

Nyhende

Eid kommune med EPC-prosjekt

Energiøkonomisering i skular og idrettshus

 

Kontrakten er på kring ni millionar kroner og er ei såkalla EPC-kontrakt, noko som inneber ein garanti om at investeringane vil gje innsparingar som gjer at dei i løpet av eit visst tal år vil betale seg sjølv, og på lengre sikt gå i pluss.