Frå bygd til by som 16-åring

Følgde draumen sin

Som 16-åring flytta Sara Sandvik Arnestad (17) frå heimstaden Nordfjordeid til Oslo, for å følgje draumen.

Flytta: Sara Sandvik Arnestad er heime på vinterferie frå ein travel kvardag i Oslo der ho går på skule.  Foto: privat

Dans: Arnestad dansar fleire gongar i veka. 

Nyhende

Sjølv om dette innebar å flytte frå familie og venar til ein storby der ho ikkje kjende nokon, angrar ho ikkje på valet, då ho kvar dag kjem eit skritt nærmare dansedraumen.

- Det var jo sjølvsagt ein overgang å flytte heilt til Oslo, men det gjekk overraskande bra. Eg måtte eigentleg tilpasse meg etter kor moglegheitane var, og då vart det Oslo. Skulen eg går på, Edvard Munch Vgs, er den einaste skulen i Noreg med ei landsdekkande danselinje med eit så høgt nivå.

Vegen mot draumen

For å kome inn på skulen måtte Arnestad reise til Oslo for å gå på audition der ho skulle danse ein dans, delta på danseklasser og bli intervjua. Inntaket til skulen vart bestemt ut i frå anten karakterar eller prestasjon på audition.


- Då eg fekk vite at eg hadde kome inn på skulen vart eg veldig glad. Eg var naturlegvis litt i tvil, mest på grunn av flyttinga. Eg hadde det så fint her og å gå på denne skulen innebar at eg måtte flytte langt. Eg måtte ofre litt for å følgje draumen, og eg var berre 16 år då eg flytta til Oslo. Hybellivet er sjølvsagt litt dyrt, men elles trivast eg godt. Eg bur med to andre som også dansar.

Ikkje så skummelt

- Eg fann meg raskt godt til rette på skulen. Det mest utfordrande var eigentleg meir det praktiske med å bu i ein by. Eg ante ikkje korleis ein tok trikken, men det gjekk seg til etterkvart. Alt var nytt, og eg følte meg ikkje heilt komfortabel i ein så stor by med så mange framande i byrjinga. Det tok litt tid, men etter kvart vart eg kjend med nye folk og vart vand med storbyen.

Engasjert dansar

Arnestad går andre året på danselinja ved Edvard Munch Vgs. Denne skulen er ein landsdekkande skule, med 90 elevar på danselinja. Danseklassene er små klasser med 16 elevar i kvar. På ein vanleg skuledag har dei både teoretiske fag for å få studiekompetanse, men likevel mykje dans.

- Vi har omtrent teoretiske fag halve dagen og dans andre halve. Når vi dansar har vi dansetrening innan sjangrane klassisk ballett, jazz og moderne. Av og til går vi også på oppsetjingar. At skulen ligg i Oslo gjer at vi har mange moglegheiter, noko som er veldig kjekt.

Arnestad byrja å danse då ho var fem år gamal. Då den danseglade jenta budde heime engasjerte ho seg i ulike oppsetjingar som opera og «Elskhug og Eksis». Ho har også vore med på UKM opptil fleire gongar, og har også kome til landsfinalen.

- Då eg budde heime dansa eg fleire gongar i veka med Kulturskulen i Eid. No er det litt annleis. Eg dansar når det høver seg på fritida. Forskjellen er at der eg dansar no, har vi ulike øvingar frå gong til gong. Vi har ikkje ein fast koreografi som vi øvar til å framføre. Då er det ikkje så farleg å gå glipp av ein slik dansetime heller, dersom ein må prioritere å gjere noko anna.

Høgdepunkt

Danselinja ved Edvard Munch Vidaregåandeskule har ei stor oppsetjing i året som skjer før vinterferien. Då har dei ei veke med berre danseframføringar.

- Dette er eit høgdepunkt i skuleåret for mange. Det er den einaste oppsetjinga vi har i løpet av året, noko vi synest er litt synd. Sidan mange synest det er lite tar vi elevane ofte initiativ til å setje opp noko sjølv.

Ei uviss danseframtid

- Eg har lyst å halde fram med dans, men også å studere noko anna. Eg må eigentleg velje mellom å satse på dansen eller å studere. Dans er jo draumen, og dersom det hadde vore garantert at eg kunne blitt ein suksess hadde det vore eit lettare val. Eg veit at danselivet er ganske hardt. Som dansar må du gi mykje av deg sjølv og du veit ikkje kor mykje du får tilbake. Du veit ikkje om du er god nok. Dette er jo litt skremmande.

- Grip moglegheitene

- Eg vil anbefale å gjere det ein vil. Eg var ganske ung når eg flytta, men eg måtte gjere det. Det er ein vanesak og ei rutine. Om eg skulle gi eit råd må det vere å gripe moglegheitane. Det var sjølvsagt skummelt, men eg angrar ikkje, seier ein smilande Arnestad som snart skal ta turen tilbake til dansekvardagen i Oslo etter ein fin vinterferie heime på Nordfjordeid.