Ekstra analyse for Eid idrettshus

Det er trong for oppgradering av Eid idrettshus.

IDRETTSHUS: Huset skal vurderast opp mot universell utforming. 

Nyhende

Prosjektleiar i EPC-prosjektet i Eid kommune, Jonfinn Hole fortel at dei har bede om ein ekstra analyse opp mot byggets tilstand når det gjeld universell utforming i Eid idrettshus, både knytt til hallaktivitetar og basseng. Analysen skal vere klar i byrjinga av april.

I samband med dette er det aktuelt å søkje om tippemidlar, og ein vil vurdere å fremje ei politisk sak. Det kan vere aktuelt å inkorporere dette arbeidet i EPC-kontrakten.

Under kartlegginga av kommunale bygg i Eid kom det fram behov som ikkje er med i EPC-kontrakten. Dette er tiltak som eventuelt må kome som tillegg.