Sosiologi og sosialantropologi elevane på Eid vgs.

Ungdommane sitt syn på likestilling

På Eid vidaregåande skule er elevane svært engasjert i likestilling og meiner det er viktig å kjempe vidare.

Kvinnedagen: Elevane på Eid vidaregåande skule meiner det er viktig å markere kvinnedagen, anten ved å gjere små tiltak sjølv eller vere med på offisiell feiring.  Foto: Olin maria Yri

Politisk interessert: Denne gjengen tar valfaget Sosiologi og sosialantropologi på Eid vidaregåande skule og er opptatt av like rettigheiter for alle.   Foto: Olin maria Yri

Nyhende

Fredag er det klart for 8. mars og Den internasjonale kvinnedagen. Dagen markerast verda over og lokalt skal den markerast mellom andre i Selje. Elevane som tar valfaget Sosiologi og sosialantropologi på Eid vidaregåande skule er blant dei som er opptatt og engasjert i likestilling og like rettigheiter for alle. I fjor markerte dei kvinnedagen med kake på skulen. I år skal dagen også feirast.

– Det er ikkje alle som har moglegheit til å reise til Selje, men det er viktig å gjere små tiltak sjølv. Kvinnedagen skal markerast. Det er viktig at vi ikkje tar likestilling og like rettigheiter for alle som ei sjølvfølgje, men at vi kjempar på vidare, er elevane samde i.

– Kva er likestilling for dokke?

– At alle har like rettar uansett kven dei er, svarer Martine Dypveit.

– Alle skal ha like stor moglegheit for å utfolde seg sjølv, uavhengig av kjønn, seier Anna Teresa Villar Sundal.

– Uansett kva føresetnadar ein har, så skal det vere likt. Vi har kome ganske langt i Norge, og då hadde det vore fint om vi brukte vår kompetanse til å hjelpe andre land som ikkje har kome like langt, seier Eirik Tolaas.

– Eg tenkjer det same som dei andre, men det skal vere lik løn for likt arbeid, i alle fall når ein har same utdanningsnivå. I fattige land er det ofte gutar som får gå på skule ettersom dei ikkje har så mykje pengar, og då får kvinnene mindre moglegheiter, seier Ingrid Espe.

I kvardagen

Elevane meiner at Norge er blant landa som har kome langt i kampen om like rettigheiter, men framleis er det ting som ikkje er bra.

– Det skjer mange små kvardagslege ting som ikkje er likestilling. Til dømes om ei jente tar pullups så vil mange gutar bli sjokkert over at ei jente klarer det, forklarer ein av elevane.

– Eg såg at Nicki Minaj kyssa ein 14 år gammal gut då ho var i Norge. Hadde ein mann på 36 år gjort det på ei 14 år gammal jente så hadde han fått refs, seier Eirik.

– Grensene må sjølvsagt gjelde for begge kjønn, legg Anna Teresa til.

Viktig tema

Elevane som tar Sosiologi og sosialantropologi har fleire tema som dei er spesielt opptatt av. Tema som abort, leiarstillingar og løn går igjen med dei fleste. Men det er heilskapen som er viktig for dei.

– Er det ei spesiell sak de ville gått i tog for?

– Vi ville gått for likestilling. Det er så mange tema så er viktig, så vi ville ikkje gått for berre ein ting. Alt er viktig i den store samanhengen, er Ingrid, Anna Teresa, Eirik og Martine samde om.