Venner av Selja kloster

Reiseliv som satsing

Kystpilegrimleia og reiselivssatsinga i Selje er tema når venner av Selja kloster inviterer til årsmøte torsdag.

Reiseliv: Kystpilegrimsleia og reiselivssatsinga i Selje er tema når Venner av Selja kloster og leiar Torkjel Djupedal inviterer il årsmøte torsdag.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Fylkeskonservator Eva Moberg kjem for å orientere om Kystpilegrimsleia, som vart offisielt opna i fjor.

Selja er ein av dei såkalla nøkkelstadene på ruta, og dronning Sonja avduka ein plakett om dette då ho var hovudgjest under jubileumsmarkeringane i klosteret.

– No spør vi kva kystpilegrimsleia er blitt, kva tilbod som finst og kva er planane framover? Ei viktig sak for venelaget er at kystpilegrimssenteret vert lagt til Selje, konstaterer leiar Torkjell Djupedal.


På årsmøtet vil rådmann Kristine Dahl i Selje kommune fortelje om reiselivssatsinga i Selje komande sesong. Korleis tilbodet blir med klosterbåten, guiding i klosteret og turistinformasjonen er tema som vert oppe.

– Og kva tilbod vil dei få dei mange tusen cruiseturistane som kjem til Eid komande sommar – når dei kjem på utflukter til Selja?, spør Djupedal.