Nytt jordskjelv i Nordfjord

Kjende du det buldra torsdag kveld?

Jordskjelv med styrke 2,6 vart registrert 07.03.2019 hos Norsar klokka 22.20.33 norsk tid, lokalisert 62.470N, 3.970Ø. Raude punkt gjeld jordskjelvregistreringar siste døgn. 

Nyhende

NORSAR registrerte eit jordskjelv ute i Nordsjøen torsdag kveld.

Fleire i Nordfjord merka skjelvet, som ei lita buldring eller during. Det vart registrert klokka 22.20. I følgje NORSAR hadde jordskjelvet ein styrke på 2,6.

Jordskjelv skuldast langsame røyrsler i jordskorpa som over tid skapar spenningar i jordskorpa. Desse kan bli så store at den aktuelle bergarten til slutt gir etter, og brått oppstår forskyvingar. Denne typen jordskjelv kallast tektoniske jordskjelv, og er dei mest  vanlege, i følgje Wikipedia.