Eid bondelag årets lokallag 2018

Sogn og Fjordane bondelag har kåra Eid bondelag til årets lokallag for 2018. Synleg i lokalmiljøet er eit av argumenta for tildelinga.

Leiar Knut Tore Nes Hjelle mottok prisen «Årets lokallag 2018» for Eid bondelag. Ei utmerking i regi av Sogn og Fjordane bondelag.   Foto: Privat

Nyhende

Leiar Knut Tore Nes Hjelle mottok prisen, og leiar i fylkeslaget, Anders Felde, gav denne grunngjevinga for tildelinga av årets lokallag for 2018:

  –Eid bondelag har hatt god aktivitet gjennom året med ei rekkje arrangement som har styrka både det sosiale samhaldet, gitt medlemmene fagleg påfyll og gjort bondelaget synleg i lokalmiljøet.

  –Laget har mellom anna arrangert open gard, skulebesøk, ostekveld, bondekafe, akekveld og sommarfest.

  –Dei arrangerte også studiering i forkant av jordbruksforhandlinane.

  –Laget har hatt seks styremøter, og har tilsaman handsama 33 saker.

  –Laget er flinke til å delta på møter og arrangement i regi av fylkesslaget, og dei gjer ein god jobb i vervearbeidet.

  –Dei er aktive under Malakoff, og mange medlemmer stilte opp på dugnad også i år.

  –Laget er gode til å stille opp på ulike arrangement i nærområdet, og synleggjer bondelaget på ein fantastisk måte.