350 bilar i storkontroll

Heile 350 bilar vart kontrollerte i Statens vegvesen sin storkontroll i Nordfjord fredag.
Nyhende

Berre fire av køyretøya fekk skriftlege manglar i storkontrollen som vart halde på rv15 i Deknepollen.

Vegvesenet gav to gebyr for ikkje å bruke bilbelte. Det vart også gitt to gebyr for ikkje å ha medbrakt dokumenter, og fire dekkgebyr vart utskrive for å bruke dekk som var under minstekravet til mønsterdybde.