Ønskjer re-etablering av hærmuseet

Leiar i «Kulturhistoriske informasjonsprosjekter» John Olav Vereide ønskjer re-etablering av hærmuseet på Nordfjordeid.

ALTERNATIV: Byggeprosjektet til Osnestunet AS i Eidsgata kan kanskje innehalde eit museum.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

I skriv til Eid kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune ber han om at dei tek initiativ opp mot leiinga i Osnestunet AS, og diskuterer moglegheiter for eit samarbeid om ei re-etablering av Nordfjord hærmuseum. Vereide opplyser om at sentrale aktørar i Osnestunet A/S er orientert om tanken rundt eit muleg hærmuseum i dette byggeprosjektet.

Vereide peikar på at forsvaret og eksersisplassen har hatt ein svært sentral plass i Eid, og vore med å forme både samfunnet og vår kultur. I 1981 vart det etablert eit hærmuseum i dei gamle husa ved eksersisplassen på Nordfjordeid. Mange av gjenstandane som vart utstilt ved museet, var donert av lokalbefolkninga i Nordfjord. Tidleg på 1990-talet kom det strengare krav om sikring av gjenstandane. Lokalitetane vart ikkje godkjende, og om lag 100 ulike objekt måtte pakkast ned og sendast til oppbevaring ved Forsvarsmuseet på Akershus festning.

Desse gjenstandane, som i stor grad viser den historiske aktiviteten ved ein av Norges eldste eksersisplassar gjennom 300 år, ynskjer ein no tilbake til Nordfjord. Lokalt har ein òg ei stor samling av fotografi frå den militære aktiviteten ved eksersisplassen.