Nordfjordrådet krev at:

Statens vegvesen sitt fagmiljø i Nordfjord må styrkast

Nordfjordrådet har i møte 4. mars 2019 diskutert Statens vegvesen sitt fagmiljø i Nordfjord, der Nordfjordrådet i etterkant av drøftingane gjorde eit samrøystes vedtak.

Nordfjordrådet: Frå venstre: Ordførar i Hornindal Stig Olav Lødemel (H); Ordførar i Eid Alfred Bjørlo (V), ordførar i Gloppen Leidulf Gloppestad (Sp), ordførar i Stryn Sven Flo (H), ordførar i Vågsøy og leiar i Nordfjordrådet Kristin Maurstad (Ap) og ordførar i Selje Stein Robert Osdal (krf). Foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

I ein vedtaket/uttalen, som blant andre er sendt til Samferdsledepartementet ved statsråden, krev Nordfjordrådet at Regjeringa tar eit samla grep om omorganiseringa av Statens vegvesen som sikrar framtida til trafikkstasjonane, og gir ei samla styrking av fagmiljøet i Nordfjord – og ser dette i samanheng med:

– Balansert lokalisering av statlege arbeidsplassar i ulike bu- og arbeidsmarknadsregionar – jmf punkt i den nye regjeringserklæringa om å «sikre helhetlig oversikt og koordinering av flytting, nedleggelse og opprettelse av statlige arbeidsplasser. Ved strukturendringer vil regjeringen sikre en fortsatt god regional fordeling – av statlige kompetansearbeidsplasser.»

– Å nytte Statens vegvesen sin pr. i dag desentraliserte struktur og utstrekte bruk av ny teknologi til å lokalisere forvaltingsoppgåvene ute i distrikts-Noreg, framfor å sentralisere dei til dei største byane

– Å tilby næringslivsretta og publikumsretta tenester på trafikkstasjonane nær brukarane

– Å sikre at ikkje overføringa av vegadministrasjon frå Statens vegvesen til fylkeskommunane fører til ein samla sett meir sentralisert struktur på fagmiljøa enn i dag.

Samla fagmiljø

I uttalen heiter det vidare: «Statens vegvesen har i dag eit samla fagmiljø på 31 personar knytt til Trafikkstasjonen på Nordfjordeid. Staben er delt inn i ulike tenesteområde, med ulike leiarar som er plassert andre stader i Region Vest eller i Vegdirektoratet. Om lag halvparten arbeider med trafikant- og køyretøytenester, medan den andre halvparten arbeider med forvaltingsoppgåver.»

Konsulentrapport

Nordfjordrådet viser også til ein konsulentrapport som er bestilt av Finansdepartementet og Samferdsledepartementet frå eit fransk konsulentselskap, der blir det foreslått å legge ned 26 av 72 trafikkstasjonar i Noreg.

«Medrekna trafikkstasjonen på Nordfjordeid, som blir føreslått omgjort til ein såkalla «oppmøtestad» som berre skal ha tilreisande bemanning. Dette ser Nordfjordrådet som heilt uakseptabelt.

Nordfjord har frå før få og små statlege forvaltingsmiljø samanlikna med dei fleste andre bu- og arbeidsmarknadsregionar i landet. Nordfjord har heller ikkje fått tilført nye oppgåver og funksjonar gjennom Regjeringa sin plan for utflytting av statlege arbeidsplassar.

Nordfjordrådet reagerer sterkt på at Nordfjord no tilsynelatande enno ein gong skal råkast negativt av ei statleg omorganisering – i staden for at ein nyttar høvet til å tilføre eit eksisterande, velfungerande statleg fagmiljø i Nordfjord nye funksjonar og oppgåver», heiter det i uttalen.

Svært negativt

Sentralisering av trafikant- og køyretøyretta oppgåver vil vere svært negativt for næringslivet. Transportnæringa er stor i Nordfjord, og treng nærleik til tenestene dei i dag får på Trafikkstasjonen på Nordfjordeid. Vi ser det som meiningslaust at i ei tid då teknologi gjer desentralisering av tenester enklare enn nokon gong, skal næringslivet i Nordfjord bli påført lenger reisetid, auka kostnader og auka miljøbelasting for å få utført tenester som i dag blir gitt lokalt.

Vestland

Avslutningsvis i uttalen frå Nordfjordrådet heiter det: «Vi vil også be nye Vestland fylke medverke til at Statens vegvesen sitt eksisterande fagmiljø på Nordfjordeid ikkje blir svekka som følgje av overføring av administrasjonen av fylkesvegnettet. Nye Vestland fylke må både her og på andre område sjå verdien av å sikre og styrke forvaltingsmiljø i fylkeskommunal regi også i den nordlegaste delen av det nye fylket.»