Pauseår for fast tradisjon

Påsketreffet er avlyst

I årevis har ein arrangert det populære Påsketreffet for å rekruttere ungdom til å flytte heim til Eid og Nordfjord. I år er det avlyst.

Strinn Brakke: Mykje folk møttest på Påsketreffet i fjor, og samla rekordmange 430 i Operahuset Nordfjord. I år er Påsketreffet avlyst.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes (Arkiv)

Nyhende

430 gjestar vart betre kjende med kvarandre under Påsketreffet i Operahuset Nordfjord i fjor. Her var 40 verksemder frå Eid, Selje, Vågsøy, Stryn og Sandane på plass. Det var også ein skokk av unge som allereie bur i Nordfjord, eller som har flytta ut og vurderer om dei skal flytte heim igjen.