Mammutsalet 2019

–Det er framleis stort

Tysdag starta det årlege Mammutsalet i bokhandlarar rundt om i landet og på Nordfjordeid.

Totland Libris: Ifølgje Erling Bjørn Totland på Totland Libris har den årlege kampanjen Mammutsalet starta bra også i år.  Foto: Olin Maria Yri

Det har vore jamt bra med folk.

Bøker: Ifølgje Erling Bjørn Totland er det romanar og krim som er mest populært under kampanjen.  Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Mammutsalet er eit av dei mest kjente sala, i alle fall i bokbransjen, og tradisjonen går over 100 år tilbake i tid. Kampanjen vert arrangert av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen i fellesskap.

Tysdag starta 2019 utgåva av Mammutsalet rundt om i Norge, og ifølgje Erling Bjørn Totland har det starta bra på Totland Libris på Nordfjordeid.

– Det har vore ein god start. Det har vore jamt bra med folk. Fram til no er det romanar og krim som det har gått mest av, men det er enno tidleg, fortel Totland.

Stor kampanje

Tidlegare vart Mammutsalet arrangert kvart andre år, men dei siste åra har kampanjen vore kvart år i tillegg til andre sal gjennom året, ifølgje Totland.

– Er Mammutsalet like stort som det var tidlegare?

– Det er mykje tilbod gjennom heile året no, så det er ikkje slik at folk søv i soveposar utanfor butikkdøra. Men Mammutsalet er framleis stort, seier Totland.

Vaksne og bokelskarar

Folk i alle aldrar har vore innom Totland Libris denne veka for å få med seg Mammutsalet, men ifølgje Totland er den aller største delen mest vaksne kundar. I alle fall så langt.

– Det er ofte vaksne folk og sjølvsagt bokelskarar som kjem innom når det er Mammutsal, fortel Totland.