Turistbåt på Hornindalsvatnet

Nær femti år etter at «MB Honndølen» slutta med båtrute på Hornindalsvatnet blir det no turisttrafikk på vatnet. Det er Hotel Raftevold som startar opp med turistbåt til sommaren.

Etter stillstand i nokre år blir det igjen turistbåt på Hornindalsvatnet. Bildet viser den førre turistbåten, no vil Hotel Raftevold kjøpe inn ein annan båt.   Foto: Arkiv

Nyhende

Hotel Raftevold, med Havila Hotels som eigar, planlegg å starte opp med turisttrafikk allereie til sommaren. Dette er ein del av ei større satsing ved hotellet i Hornindal.