Lærte nye teknikkar innan ansiktsmåling

Klovnen Miss Disguise var på besøk på Amfi Nordfjord for å lære vekk nye teknikkar innan ansiktsmåling.

Sminkekurs: Miss Disguise lærte vekk nye teknikkar innan ansiktsmåling. Ho viste ungdommane på kurset korleis ein målar tiger. På bildet er Miss Disguise og senterleiar Gro Gjerdevik.  Foto: Olin Maria Yri

Testa ut: Ungdommane på kurset testa ut dei nye teknikkane dei lærte på seg sjølv først.  Foto: Olin Maria Yri

Ivrige: Ungdommane var ivrige på å lære meir og teste ut det dei lærte av Miss Disguise.   Foto: Olin Maria Yri

Brukte dei nye teknikkane: Ungdommane brukte dei nye teknikkane då dei var ute i senteret å målte barn.  Foto: Privat

Målte på senteret: Jentene var også ute i senteret der dei målte mange barn. I tillegg fekk dei lære å lage ballongdyr.   Foto: Privat

Nyhende

På senteret er dei ein del ungdommar som vekslar på å jobbe under ulike arrangement. Laurdag vart dei kursa der dei lærte seg nye teknikkar innan ansiktsmåling og i tillegg lærte dei å lage ballongdyr. Klovnen Miss Disguise var på besøk hos Nordfjord Amfi for å lære vekk kunsten, og ungdommen som var på kurset var svært ivrige i å lære og utforske dei nye teknikkane. Etter eit par timar var dei også ute i senteret der dei fekk teste ut det dei hadde lært under kurset på mange barn.