Fleire fekk gebyr under kontroll

Tysdag hadde Statens vegvesen ein kontroll på Kjøs.

Under kontrollen på Kjøs tysdag fekk fleire gebyr grunna manglar.   Foto: Arkiv

Nyhende

Det var tungtransport og køyre og kviletid som vart kontrollert tysdag då Statens vegvesen hadde kontroll på Kjøs. Til saman var det 174 køyretøy inne på kontrollplassen, men 14 vart kontrollert. Ifølgje Statens vegvesen måtte to førarar rydde i frontruta før vidare køyring. Ein førar mangla kjetting og fekk difor gebyr. Ein førar hadde fire dekk som ikkje tilfredsstilte kravet til vinterdekk og desse dekka var ikkje M+S merka og føraren fekk difor gebyr. I tillegg mangla ein førar vognkort, og det vart utferdiga ein mangellapp for tekniske manglar. Under kontrollen vart også eit køyretøy avskilta og ifølgje Statens vegvesen var det ikkje utført periodiskkontroll på køyretøyet.