14 av 43 kommunar i Vestland fylke utan Venstre-liste

I Hordaland og Sogn og Fjordane vil delen kommunar der Venstre ikkje er representert auke ved valet i år, frå ein femdel for fire år sidan til ein tredel i år.

Venstre ligg dårleg an i nye Vestland fylke. Her leiartrioen Trine Skei Grande, Ola Elvestuen og Terje Breivik (t.v) på pressekonferansen før landsmøtet.  Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK

Nyhende

– Venstre er i ferd med å bli eit Oslo-parti, seier kommunestyrerepresentant Jan Erik Espelid (V) i Austrheim til Bergens Tidende.

Då han vart vald inn, fekk Venstre 9,9 prosent og to kommunestyrerepresentantar. Den andre har no melde seg ut og er uavhengig, medan Espelid har mista gnisten og vil gi seg i kommunestyret. Han tviler på at det kjem Venstre-liste i Austrheim til hausten, med svikt i medlemstalet og problem med å få inn kandidatar.

Ved førre val var det 12 av 59 kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane som ikkje hadde Venstre-liste.

Ei rundspørjing Bergens Tidende har gjort viser at minst 14 av dei 43 nye kommunane i Vestland vil bli utan Venstre-liste ved kommunevalet i haust. Éin kommune er usikker.

Venstre rasar på fleire meiningsmålingar og er no minst av alle partia på Stortinget.