Skulemusikal

Ungdommen sprudla på scena

Torsdag var det klart for premiere på skulemusikalen «Oklahoma!», og dei unge elevane ved Eid vidaregåande skule imponerte med flott song, dans og skodespel.
Nyhende

Musikalen «Oklahoma!», ein ekte westernklassikar, er skrive av Richard Rodgers og Oscar Hammerstein II og vart for første gong  sett opp på Broadway i 1943 og filmatisert i 1955. I 1949 hadde den norgespremiere i regi av Det Norske Teateret, og har sidan vore sett opp på fleire scener i Norge og resten av verda. Torsdag var det klart for premiera på skulemusikalen i Operahuset Nordfjord, og denne gong var det nettopp «Oklahoma!» som var sett opp av Eid vidaregåande skule. Det var svært imponerande song, skodespel og mykje humor av elevane ved Eid vgs, som har stått på i vekesvis for å bli klar til premiera.