Er i rute - opning 9. mai

Sagastad – flott bygg med særpreg

– Dette blir eit flott bygg med særpreg, eit signalbygg. Saman med den kulturelle båten og historia bak, ligg alt til rette for å setje Nordfjord på kartet i reiselivssamanheng, seier ein entusiastisk byggeleiar for Sagastad på Nordfjordeid, Svein Otto Melheim.

–SPENNANDE BYGG: –Det har vore eit spennande bygg på alle måtar. Det har vore stor risiko med aktiviteten, og vi har hatt stort fokus på sikkerheit, seier anleggsleiar i Veidekke, Arild Førde og byggeleiar Svein Otto Melheim i Eid Industrihus. Her sett frå sjøsida. Vestfasaden vart endra fordi ein i utgangspunktet ikkje hadde teke høgde for det 1,20 meter høge dragehovudet. Nordplan har teikna bygget. 

Nyhende

 

Etter ein del turbulens i fjor med ekstrakostnader og forseinking, ser ein no enden og har fullt fokus på ferdigstilling av Sagastadbygget. Anleggsleiar frå hovudentreprenør Veidekke AS, Arild Førde og byggeleiar Svein Otto Melheim frå Eid Industrihus KF opplyser at arbeidet med bygget Sagastad er i rute i samsvar med revidert plan for ferdigstilling, og dei reknar med å nå milepælen 1. mai, då alt skal vere klart innvendig.