Cruisevekst i vest - dei store destinasjonane aukar mest

Dei store cruisehamnene som Stavanger, Geiranger, Ålesund og Flåm bidrar til vekst i talet på cruiseanløp i 2019. Sjølv om veksten frå 2018 til 2019 er mindre enn tidlegare år, har dei fleste cruisedestinasjonen på Vestlandet stabile besøkstal.

Cruiseskipet AIDAsol frå AIDA Cruises på veg ut frå Ålesund i Møre og Romsdal.  Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix / NPK

Nyhende

Nokre hamner får også færre cruiseskip på besøk i år, men 2019 gir ein trafikkauke på litt over 6 prosent for Vestlandet. Frå 2017 til 2018 var veksten på 12 prosent. For heile landet er veksten frå i fjor nær 8 prosent, viser tal Nynorsk pressekontor har henta inn.