Påskevêret kom tidleg i år

– Med slik dagar som i dag, med 9 gradar og delvis sol så minkar det fort, men eg er ikkje bekymra enno, seier leiar for Skipatruljen på Harpefossen skisenter, Tore Karlsen.

PASSAR PÅ: Sivert Humborstad, Tore Karlsen og Emil Forsberg i Skipatruljen passar på og hjelper til om nokon blir skada.  

- Det er no det er påskevêr. No må folk nytte sjansen, oppmodar Leiv Sønderland. 

Nyhende

Takka vere kunstsnøen er det fine forhold i skiparken. Det ligg ein god sole eit godt stykke oppover i bakken, og kunstsnøen toler litt juling. I skiparken er det lagt opp til ulike utfordringar, og Karlsen fortel at dei skal bygge om parken i morgon, og prøve seg med litt disco og god stemning om kvelden.

– Vi byggjer om av og til for at det ikkje skal bli for keisamt, seier Karlsen. Han fortel at det både i morgon og søndag er snowboardskule.

– Det er ope i trekket heilt opp, men nokre trasear er stengde. Men det er fint å ta trekket heilt opp og køyre inn mot Furuhogane og ned igjen. Også langrennløypene er fine. Dei var nypreparerte i går. Og kafeane er opne. Det er berre å ta med seg ein appelsin og møte opp, reklamerer Karlsen. Han ser fram til å få opna Furuhogane igjen. Der er det no stengt på grunn av driftsproblem, men ifølgje Karlsen er delane komne og gutta tek til med å reparere.


 

Denne veka har Sogn og Fjordane vinterferie. Komande veke er det Møre og Romsdal sin tur.

Det har vore rolege dagar for Skipatruljen denne veka. Dei tek faste rundar med gjennomgang av løypene og legg ein plan for dagen. Då Fjordabladet snakka med Karlsen litt ut på dagen hadde han akkurat vore ein tur for å leite etter eit snowboard som nokon hadde mista. Og det vart funne. Dei er 22 personar i Skipatruljen, og er fire på vakt samstundes.

–   No det er "påske"

–   Det er no det er "påske". No må folk nytte sjansen. Dette er sosialt. Her er masse kjekke folk. Eg må ha noko å styre med no når eg er blitt pensjonist. Det seier Leiv Sønderland, ein av dei frivillige hjelparane som passa ein av skiheisane. Han har alltid likt å stå på ski og er ein ihuga trimmar. Det er fint å skøyte rundt Tippskogvegen, men aller helst held han seg til snøbrett. Eg er truleg den eldste brettkøyraren her på Harpefossen, ler Sønderland, som har bikka 70 år.