Har vore her kvar dag i vinterferien

– Vi pleier å vere her så mykje som muleg, seier Paul Jacob Helgesen. Han var i dag på Harpefossen og  køyrde telemark saman med dei tre gutane sine og ein av deira kompisar.

VINTERFERIE: Johannes (6), Jakob (8), Bjørn-Peter (12) Bergheim-Helgesen og Eirik Pisani (12) og Paul Jakob Helgesen er faste gjestar på Harpefossen skisenter og oppmodar fleire om å ta turen ut.  

Nyhende

 

Helgesen fortel at gutane har vore på Harpefossen kvar einaste dag i vinterferien. I år har dei alle sesongkort, og då er det ikkje så nøye om ein av og til ikkje er så lenge i gongen. Helgesen tykkjer det er ekstra kjekt at sjølv om ein ikkje har vore så heldig med vinterferievêret, så har ikkje barna nemnt det med eit einaste ord.

–  Vi vaksne prøver også å la vere å snakke om det, ler Helgesen, og denne fredagen er det flott. Han har opplevd mange gonger at det ikkje ser ut til å vere utevêr, men når dei kjem ut på Harpefossen så er det ganske fint likevel.

Helgesen oppmodar alle om å kome seg ut og bruke skianlegget. Her er det litt påskestemning, men ikkje lange køar.