Ventetid på tre år på Sunnmøre, null i Nordfjord

STABILT INNTIL VIDARE: Domstolleiar i Nordfjord er Eivind Helleland.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Sunnmøre Jordskifterett i Ørsta har inntil tre års ventetid for enkelte sakstypar. Sunnmørsposten skriv at dette blir forklart med stor saksmengde og innsparingstiltak med redusert dommarkapasitet over fleire år.

Jordskifterettsleiar i Nordfjord Eivind Helleland opplyser at dei har god saksavvikling og i praksis ikkje har ventetid.

– Nordfjord jordskifterett har saksavvikling i balanse med sakstilgang. Me arbeider kontinuerleg med å redusera restansane. Resultatet for våre brukarar er null ventetid. Alle saker er under handsaming, opplyser Helleland.

– Har utvikla seg positivt

Av årsmeldinga til Nordfjord jordskifterett går det fram at i 2018 kom det inn 30 nye sakskrav, medan 30 saker også vart slutta.

– I alt vart det avmerka 22 km grenser og innmålt 352 grensemerke. Talet på partar i dei slutta sakene er 151 mot 161 året før. Retten greier å ha ei saksavvikling i samsvar med mottekne nye saker, noko som gjer ventetida for nye saker svært kort. Om naudsynt prioriterer retten framleis saker med stor samfunns- eller privat nytte, til dømes fallrettssaker, grensetvistar og tilleggsjord-/delingssaker.

– Nordfjord jordskifterett har både overlevd og utvikla seg uventa positivt i lys av kampen mot sentralisering.

– Det er i arbeid ein regjeringsnedsett kommisjon.

– Domstolen reknar tilhøva å vera stabile inntil politisk handsaming av kommisjonen sitt arbeid, står det å lese i årsmeldinga.