Ungt Entreprenørskapsforum 2019

Torsdag 14. februar inviterer Ungt Entreprenørskap (UE) Sogn og Fjordane til Ungt Entreprenørskapsforum 2019 på Eid vidaregåande skule.

Illustrasjonsfoto 

Nyhende

Arrangementet er tidlegare kjent som «Fylkesmessa». Ungdomsbedrifter frå heile fylket er inviterte til arrangementet som går samtidig som yrkesfagkonkurransen World Skill på same stad. Totalt 19 ungdomsbedrifter er påmelde arrangementet.

Det skal delast ut prisar i ulike kategoriar i tillegg til at vi skal skape ein møteplass for elevar og lærarar der dei kan sjå og lære av kvarandre. Arrangementet er opent for publikum.

Berekraft - satsingsområde

Bærekraft, klima og miljøtenking har over fleire år vore eit satsingsområde for UE Sogn og Fjordane. I år ser vi at dette arbeidet har gitt resultat i form av ungdomsbedrifter som baserer sine forretningsidéar på sentrale element i FN sine bærekraftsmål.  Utviklinga av desse konsepta har skjedd i eit nært samarbeid mellom UE Sogn og Fjordane, Storebrand, Sparebankstiftinga og Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Det vert ei eiga prisutdeling i kategorien «Bærekraftprisen» for ungdomsbedrifter i Sogn og Fjordane. Bærekraftelementet blir også vektlagt ved utdeling av prisar i andre kategoriar.

Prisar som skal delast ut:

*Beste marknadsføringstiltak

*Beste HR bedrift

*Bærekraftprisen

*Beste sosiale entreprenør

*Beste utstilling

*Beste produkt

*Beste teneste

*Innovasjonsprisen

*Beste rekneskap

*Beste ungdomsbedrift

Totalt blir det delt ut 11 prisar.