Selje nest best i fylket

Forbrukarrådet har kåra dei beste kommunane i Sogn og Fjordane, og Selje er nest best i fylket berre slått av Førde.

Test: Forbrukarrådet har kåra dei beste kommunane i landet og i fylket. I fylket kjem Selje godt ut av det og er nest best, berre slått av Førde.   Foto: Presse

Nyhende

Førde kjem best ut i Sogn og Fjordane i årets kommunetest, medan Selje og Sogndal kjem på andre- og tredjeplass. Selje får 61, 5 poeng i testen, medan Førde får 65,0 poeng. Vik som var best i førre kommunetesten er å finne midt på lista i årets kommunetest. Når det kjem til Eid, så ligg kommunen på 13.-plass med 47,5 poeng. Heilt nedst på 26.-plass er Lærdal, og nest nedst er Balestrand. Nesset kommune i Møre og Romsdal er best i landet.

Forbrukarrådet har testa kor gode kommunane er til å hjelpe folk som har spørsmål om ulike kommunale tenester. Alle kommunane er testa, på til saman nesten 30.000 opplysingar via telefon, e-post og nettsider.