Stad plan og utvikling

Jobbar på tvers av grenser

Innan plan og utvikling i kommunane Eid og Selje har ein allereie slått seg saman og jobbar på tvers av kommunegrensene. På fagområde landbruk er det samarbeid med Gloppen.

EID: Rundt bordet på Nordfjordeid ein fredag morgon fann vi plan- og utviklingssjef Kristian Nave, byggesakshandsamar Roar Sætre, avdelingsingeniør Roy Cato Hopland, avdelingsingeniør Anne Lene Lillegraven, landbrukssjef i Eid og Gloppen Trine Alme og byggesakshandsamar Svein Fjørtoft Hole. Andre i plan- og utviklingsavdelinga med base på Nordfjordeid er planleggar Cecilie Marie Åshamar, planleggar Asbjørn Tverberg, Stranislawa Voldsund med ansvar for skog og miljø, avdelingsingeniør Odd-Harald Heggen og Anna Karete Bjørlo, som jobbar med næringsfond og spelemidlar. Trine Alme har hovudsete på Sandane, men har kontordagar på Eid. Andre som er med i teamet på det interkommunale landbrukskontoret er Åse Marie Ravnestad og Bernt Reed. Utmarksforvaltar Lindis Bergland er i permisjon, vikar kjem i mars. Foto: Anna Wuttudal  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Sjølv om Stad kommune formelt sett ikkje er ein realitet før 1. januar 2020, er det somme som allereie har tjuvstarta. Kristian Nave er tilsett som einingsleiar for ei felles plan- og utviklingsavdeling som dekkjer begge dei to kommunane, og han kan no fordele saker fritt uavhengig av kommunegrensene.