Meiner fleire eldre bygningar bør vere fritatt eigedomsskatt

Håper fleire vil vakne

Advokat Inger Mette Sefland trur det er fleire bygningar i Eidsgata og Tverrgata på Nordfjordeid som bør vere fritatt eigedomsskatt fordi dei er av historisk verdi.

Kulturminne: Inger Mette Sefland har søkt om fritak for eigedomsskatt på heimgarden på Sevland i Hjelmelandsdalen. Ho meiner fleire hus i Nordfjordeid sentrum med sine historiske verdiar kjem inn under Riksantikvaren sine instruksar om fritak. foto: INgebjørg Nilsen Stokkenes  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Det er beklageleg at kommunane ikkje går ut med informasjon til huseigarar om dette.

Nyhende

No har ho sjølv søkt om fritak for eigedomsskatt på Sevland gard i Hjelmelandsdalen.

Ho viser til eit brev Riksantikvaren sendte til alle kommunar i landet i 2016, der det mellom anna står: « til alle landets kommuner med anbefaling om å frita eiere av viktige kulturminner for eiendomsskatt. Vi finner det gledelig at det stadig oftere blir gitt slike fritak. Da kommunenes praksis er ulik, finner vi det likevel riktig å tilskrive kommunenes øverste leder på ny for å minne om lovhjemmelen som gjør det mulig å frita eiere av fredede og vernede bygninger for denne skatten».