Fryktar at strandsona kan rase ut

– Området er ustabilt

Naboar til Seawalken er sterkt bekymra for sikkerheitsaspektet i samband med at store cruiseskip snart skal ankre opp like utanfor stovedøra. Dei har gong etter gong etterlyst konsekvensanalyse og risikovurderingar.

ER BEKYMRA: – Når vi ser kor streng kommunen er når det gjeld rasrapportar i andre dispensasjonssaker, til dømes saka på Midthjell no nyleg, så stiller vi oss undrande til at same type rapportar kan unnlatast i eit prosjekt der kommunen er inne på eigarsida, seier Rita Karin Nyland.   Foto: Anna Wuttudal

Utan forklaringar på søkkehola i Sjøgata, samt det som skjer på våre tomter, så kan vi ikkje føle oss trygge.

Rita Karin Nyland
Nyhende

– Det vi fryktar er til dømes det som skjedde i Leksvik, der 1,3 km strandsone rasa ut, seier nabo Rita Karin Nyland. Ho viser til at det oppstod to søkkehol i Sjøgata i fjor sommar, mellom kaia og Almenningen. Ankeret til den inste bøya blei sett ned året før, med ankerhandlingsfartøy. Desse arbeider med stor propellkraft.