Tre nye artistar klar

Highasakite, Mykur og The Dogs kjem til Malakoff.

Highasakite er blant banda og artistane som kjem til Malakoff 2019.  Foto: Malakoff

The Dogs då dei hadde konsert i Gymmen.   Foto: Arkiv

Nyhende

Måndag vart det klart at Highasakite kjem til Malakoff. Highasakite, som nettopp kom ut med nytt album, kjem med det igjen til Malakoff, etter at dei spelte i amfiet i 2014. Dei har hits som «Lover, Where Do You Live?», «God Don’t Leave Me», «Uranium Heart» og «Samurai Swords».

– Konserten Highasakite hadde i amfiet i 2014 står fram som ein av dei aller sterkaste opplevingane vi har hatt på dei 17 åra vi har arrangert Malakoff. No kjem attende som eit revitalisert band med ei fantastisk fin ny plate og mange strålande gamle hits i sekken,  seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal, i ei pressemelding.

I tillegg kjem Myrkur og The Dogs til Malakoff 2019. Myrkur er eit einpersonsprosjekt som består av den danske songwriteren, songaren og multiinstrumentalisten Amalie Bruun. The Dogs, er eit punk-rockband med Kristopher Schau i spissen. The Dogs har spelt i Gymmen både i 2016 og 2017, og til sommaren speler bandet på Malakoff.

Fra før er det klart at mellom andre Bastille, Weezer, Sigrid, Madrugada, Bigbang, Slaves og Djerv skal spele på Malakoff i sommar.