Hege Lothe vald til fyrste leiar i Vestland SV

I helga vart Vestland SV skipa, eit nytt fylkeslag beståande av dei to fylkeslaga Hordaland SV og Sogn og Fjordane SV.

På skipingsmøtet til Vestland SV vart Hege Lothe, frå Gloppen, samrøystes vald til det nye lagets fyrste leiar.  Foto: Arkivfoto

Nyhende

På skipingsmøtet vart Hege Lothe, frå Gloppen, samrøystes vald til det nye lagets fyrste leiar. Med seg i leiarskapen har ho Gina Barstad, frå Bergen, som politisk nestleiar, og Akthar Chaudhry, frå Stord, som organisatorisk nestleiar.

Hege Lothe (46) er kommunestyrerepresentant i Gloppen for SV og er i dag direktevald landsstyrerepresentant. Ho er tidlegare fylkesleiar i Sogn og Fjordane SV frå 2011-2014. Ho bur på Sandane og er tilsett som informasjons- og organisasjonskonsulent i Noregs Mållag.

Gina Barstad (32) er småbarnsmor på Møhlenpris i Bergen med eit hjarte for rettferd og kvinnekamp. Ho er tidlegare stortingsrepresentant, avtroppande leiar for Hordaland SV og Landsstyrerepresentant for Hordaland SV. Gina var tidlegare leiar i Bergen SV. Ho er i dag tilsett som rådgjevar i Kreftforeningen.

Akhtar Chaudhry (57) er født og oppvaksen i Pakistan, men har budd i Noreg sidan 1982. Han er tidlegare stortingsrepresentant og justispolitisk talsperson for SV. Han har erfaring frå lokalpolitikken i Oslo kor han var, blant anna, bystyrerepresentant i tre periodar. Han jobbar i dag som seniorrådgjevar i Integrerings- og Mangfoldsdirektoratet og bur på Stord. Han er særskild opptatt av justis-, utanriks- og integrerings- og inkluderingspolitikk.