Møte mellom cruise og Fjordhest

Overraskande lita interesse frå fjordhestfolket

Tysdag 21. mai er på mange måtar ein merkedag for Nordfjordeid. Dette er dagen det første store cruiseskipet kjem.

Fjordhesten som turistmagnet: Tysdag kveld vart fjordhesten sin rolle i samband med cruiseturismen drøfta. Dei som deltok på møtet var frå venstre: Iren Berteig, Asle Espe, Øystein Høvig, Magni Flyum Bjørlo, Eli Førde Aarskog og Anne Karin Løken. Foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Skal vi dømme interessa ut frå oppmøtet, er det ikkje å ta for hardt i å seie at interesse frå hestefolket på Nordfjordeid til å engasjere seg i aktivitetar knytt til «Cruisedagane» i utgangspunktet er laber. Seks personar møtte opp på møtet der ein var invitert til å diskutere korleis ein skulle få fjordhesten, sjølv symbolet for Eid kommune, inn som ein viktig del av aktivitetane rundt anløpsdagane for dei store cruiseskipa, som det er 21 av totalt og 18 av dei som blir liggande ti timar og meir.

Ikkje eit blaff

Eli Førde Aarskog som har lagt ned eit imponerande arbeid med å få «Port of Nordfjord» inn på cruiseoperatørane sine lister, og som er nyvald styreleiar i Norsk Fjordhestsenter orienterte om det som skal skje på cruisefronten i 2019.