Utavskåpetkunst med foto

Ein globetrotter med kamera

Stefan Nazarie (42) er årets andre i rekkja av fleire Utavskåpet-kunstnarar i Det kreative rom i 2019.

Fotokunst: Stefan Nazarie har budd på Eid i seks år. No stiller han ut fotokunst på Det kreative rom på Amfi Nordfjord.   Foto: Privat

NATUR: Han likar å skildre landskap og dyreliv. Her er eit av fotoa til Stefan Nazarie.  Foto: Privat

Nyhende

I februar er det tema foto i Det kreative rom på Amfi Nordfjord.

Stefan Nazarie føyer seg inn i rekkja som gjesteutstillarar nummer ti i rommet. Saman med skåpkunstnar Eivind Louis Helset og den røynde fotografen Øystein Torheim får ein vist eit bredt spekter av fotokunst i rommet. Øystein Torheim som har permanent utstilling av bileta sine i rommet synest det er kjekt å gje plass til andre som delar hans lidenskap for fotografering. Han har bytta ut bileta i utstillinga si med nye og oppmodar no alle om å ta ein tur innom Det kreative rom for å kike.

Seks år på Eid

Stefan Nazarie er opphavleg frå Romania og har budd på Eid i 6 år. Han tok ingeniørutdanninga i Romania og arbeidar no som CNC operatør ved Vest Mekan.

Stefan har reist rundt i heile Norge, alltid med kamera for handa og klar for å ta bilete av det som fasinerer han.

– Før eg valde å busette meg på Eid besøkte eg stadar som Bømlo, Lysefjorden og Bergen, fortel Stefan i ei pressemelding.

– Sidan har eg vore i sør til Nordkapp i nord. No vert det mest dagsturar i nærområdet. Dei lange turane tek eg i ferien, smiler Stefan, som no ønskjer å vise dei vakre landskapa han har sett.

Landskap og dyreliv

– Å fotografere landskap og dyreliv er det eg likar aller best, seier Stefan. Han har kalla utstillinga si «The beauty of nature captured with the camera», eller på norsk: «Det vakre i naturen fanga med eit kamera».

Bileta han viser på utstillinga er teke i tidsrommet 2013- 2018 på turar han har hatt i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Motiva er henta frå mellom anna Tua i Stigedalen, fjell i Molladalen på Sunnmøre og Dalsnibba ovanfor Geiranger. Du kan og sjå bilete av nordlys over Eid på utstillinga.

– Det er teke rett utanfor stovedøra mi. Det er det som er så flott ved å bu på Eid, her har ein naturen tett på, seier Stefan som likar seg godt oppunder fjellet i Prestemarka.

Trollkirka

Eit av bileta til Stefan er inne i Trollkirka, den mest populære turen i Fræna, Møre og Romsdal. Turen går til kalksteinsholene og vatna ovanfor. Der er tre moglege hole å gå inn i. Den første er ca. 40 meter lang «s»-form og leiar inn til eit fossefall i ei marmorgrotte. Lykt er påkravd.

– Dette er ein tur utanom det vanlege. Eg anbefaler den på det sterkaste, seier Stefan som gler seg til å dele bileta sine med omverda.