Fjordane folkehøgskule med stabile søkertal

Håper på full skule

Fjordane folkehøgskule sine søkartal er omtrent det same som i fjor då det vart sett ny søkarrekord.

Gode tal: Også i år er søkertala gode for Fjordane folkehøgskule. I fjor vart det ny søkarrekord, og Fjordane folkehøgskule trur skulen blir full i år også.   Foto: Anna Wuttudal (arkiv)

Vi håper på full skule i år også med 102 elevar.

Nyhende

Ifølgje ei pressemelding har det aldri vore meir populært å gå på folkehøgskule, og søkinga til neste skuleår slår alle tidlegare rekordar rundt om i landet. Dei siste fire åra har dei 80 norske skulane sett nye rekordar og inneverande skuleår med 7700 elevar er det høgste så langt. Men foreløpige søkartal for neste skuleår er høgre enn nokon gong, og skulane har mottatt 20 prosent fleire søknadar enn på same tid i fjor.

På Fjordane folkehøgskule på Nordfjordeid sette dei ny søkarrekord i fjor med rundt 225 elevar som totalt søkte plass på dei ulike linjene på folkehøgskulen. Også i år ligg Fjordane folkehøgskule godt an til å fylle opp alle dei 102 plassane. Før helga var det 74 elevar som allereie hadde søkt. Til samanlikning var det rundt 80 søkarar på same tid i fjor, då folkehøgskulen sette ny søkarrekord.