Internasjonal dag på Eid vidaregåande skule

Feira mangfaldet

Tysdag 5. februar feira Eid vidaregåande skule mangfaldet med internasjonal dag. Det vart både rollespel, mat, nasjonaldrakter, foredrag, dans og kultur.
Nyhende

Eid vidaregåande skule har elevar og tilsette med tilknyting til 29 ulike land og 80 elevar med utanlandsk bakgrunn. Tysdag feira skulen mangfaldet. Eid vidaregåande skule er også ein FN-skule, og fekk besøk av FN-sambandet på den internasjonale dagen. I tillegg spelte elevane i 3. klasse på studiespesialiserande utsendingar frå medlemslanda i tryggingsrådet i eit FN-rollespel. I tillegg vart det foredrag frå elevar som har opplevd flukt, dans, forming, læring og kultur. Mange av elevane hadde også tatt med seg mat, som vart servert på eit langbord i lunsjen. Det var svært populært, og det vart tomt etter kort tid.