Tilbake i 3. divisjon etter ti år

I dag skal Kjølsdalen musikklag delta på NM brass i Bergen. Dei har klatra opp igjen til 3. divisjon etter ti år.

Kjølsdalen musikklag skal i kveld i elden i Bergen, tilbake i 3. divisjon etter ti år.  Foto: Privat

Nyhende

I 2009 spelte Kjølsdalen musikklag under NM brass i 3. divisjon. Seinare har dei spelt fire gongar i lågare divisjonar, og fem gonger har dei ikkje vore med.                                                                  

I år er dei altså igjen på plass i 3. divisjon etter ein tredjeplass i 4. divisjon i fjor.

Arvid Anthun har dirigert musikklaget ved NM sidan 2016. Og sidan hausten 2018 har han vore fast dirigent for laget, som har klatra seg opp frå ein 2.plass i 5. divisjon i 2015 til 3. divisjon i år.

Kjølsdalen musikklag skal i elden i Grieghallen i kveld, og NM-stykket dei skal framføre er «Dimensions» av Peter Graham.