Myklebustskipet tar form

Nærmar seg sjøsetting

– Vi er ikkje redde for at skipet skal gå ned, seier båtbyggjar Ottar Kåre Bjørkedal.

Myklebustskipet: Det 30 meter lange Myklebustskipet ruvar i plasthallen. I tre vintrar har seks båtbyggjarar frå Bjørkedalen bygd vikingskipet. Dei ha aldri før bygd så stort skip. Her er tre av båtbyggjarane; f.v. Ola Følsvik, Ottar Kåre Bjørkedal og Erlend Helset.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Så vi er spente. Om den vert ståande på botnen kan det vere eit problem.

Nyhende

Båtbyggjarane frå Bjørkedalen er i ferd med å legge siste hand på Myklebustskipet – ei gjenskaping av det brende skipet som er funne i ein gravhaug på Nordfjordeid.

I tre vintrar har arbeidet gått for fullt, og mange har vore innom for å sjå at det store vikingskipet veks seg større og større.