Det blir ny asfalt på Skrede

SKREDE: Her skulle det asfalterast i 2018, men det vart utsett til 2019 p.g.a. økonomi.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Ut frå ramma på ein million kroner er det funne rom for berre nokre få tiltak på kommunale vegar i Eid i 2019.

– Investeringsramma er for lita i høve til behovet i tiltakslista. Spesielt er behovet for asfalt stort. Det er årleg ei svært vanskeleg prioritering av mange gamle vegar med behov for oppgradering etter mange års etterslep, opplyser sakshandsamar Tore-Nyhammer Taklo i sak til TSU.