Sak om frådeling av tomt i utmark på Midthjell

– Kom med ny søknad

Odd Kjetil Liseth fekk ikkje medhald i klage i samband med avslag på frådeling av tomt på Midthjell, men han fekk likevel nytt håp om at ting kanskje kan ordne seg.

MÅ VERE INNANFOR: Leiar i TSU, Alf Reidar Myrstad (Sp) oppmoda Odd Kjetil Liseth (t.v.) om å kome med ein ny søknad som er innanfor rammene av det kommunen kan gje løyve til. Søkjar må dokumentere sikkerheit for skred, redusere tomteareal til maks 1,5 dekar, sikre vegrett og syte for tilstrekkeleg dimensjonering av tilkomstveg.  Foto: Anna Wuttudal

No var det litt meir sakleg grunngjeving for avslaget

Odd Kjetil Liseth
Nyhende

– Det er eigentleg berre å fylle ut ein ny frådelingssøknad, samanfatta leiaren i teknisk- og samfunnsutval (TSU), Alf Reidar Myrstad (Sp).