Selje-ordførar vil bli rådmann i nabokommunen

Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF) har søkt på stillinga som rådmann i nabokommunen Vanylven.
Nyhende

Det er avisa Synste Møre som melder dette. Osdal er ein av åtte søkjarar til rådmannsjobben i Vanylven. Han har for lengst varsla at han ikkje tek attval i nye Stad kommune, og er dermed på jakt etter ny jobb.