Hogne Bleie på kampplass til fylkestinget

Vestland FrP har nyleg halde nominasjonsmøte i Bergen, der Terje Søviknes vart nominert til Framstegspartiet sin fylkesordførarkandidat.

Hogne Bleie nominert på 10. plass på Vestland Frp si liste til fylkestingsvalet til hausten.  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Frå Nordfjord er Hogne Bleie nominert på plass nr 10, som er ein  kampplass for partiet. Per Tore Borgund, som er leiar av Stad FrP, seier til avisa at partilaget er glad for at Bleie kom på ein listeplass som kan gi fast plass i fylkestinget i det nye samanslåtte fylket. «Hogne kjenner alle delar av det nye fylket vårt svært godt. Han er vidare godt kjend i heile partiorgansiasjonen, også nasjonalt» seier Borgund, som legg til at Bleie er særleg interessert i nærings og skule-politikk, i tillegg til samferdsle.

Hogne Bleie sjølv seier til avisa: «Eg ser fram til å kjempe om ein fast plass i fylkestinget. Vi her nord i fylket treng ein uredd talsmann for distrikta utanfor dei store by-sentra. Eg ser fram til å drive valkamp saman med heile partiorgansiasjonen, og ikkje minst med vår toppkandidat Terje Søviknes».

Bleie er også fylkesstyremedlem i Vestland FrP, i tillegg til dei folkevalde verva han har i Vågsøy kommune.

På 5. plass på lista, som vil sikre fylkestingssete,  finn ein Frank Willy Djuvik frå Florø.