Ny Rema1000- og Europris-butikk på Stokkenes–Myklebust:

Grunnarbeidet i gang–opning i oktober

– No startar vi grunnarbeidet, bygginga startar i mars, og vi reknar med opning av ny Rema 1000 butikk og ny Europris-butikk i slutten av oktober månad i inneverande år.

Flyttar heim: Det har lenge vore klart at Frode Taklo har hatt lyst til å avvikle sitt engasjement og pendlinga til Volda. No er det klart at det blir nettopp Frode som skal stå for drifta av den nye daglegvarebutikken på næringsområdet på Stokkenes/Myklebust. – Eg ser verkeleg fram til å drive butikk der eg bur. Eg slepp all pendlinga, og ser fram til ein enklare familiesituasjon, seier Frode Taklo som dei siste fem åra har livnært seg som Rema-kjøpmann i Volda. Alle foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Det seier Magne Jan Vik, dagleg leiar i Rema Etablering Nordre Vestland AS, til Fjordabladet. Det er Retail Eiendom AS, eigd 50 prosent av Rema Etablering Nordre Vestland og 50 prosent av Wenaas Eiendom, som i desse dagar startar grunnarbeidet på ni dekar store næringsområdet dei har kjøpt på Stokkenes Myklebust.

–Eg kan stadfeste at grunnarbeidet er i gang, og at sjølve byggearbeidet startar i løpet av mars månad. Etter planen blir det opning av ny Rema 1000-butikk på 1150 kvadratmeter og nye butikklokale for Europris på 1400 kvadratmeter i slutten av oktober i inneverande år.