Stad skipstunnel – stor konferanse over to dagar

Komande måndag, 11. februar, blir det ein stor konferanse der vi skal prøve og belyse dei regionale ringverknadane av verdas første skipstunnel. Konferansen blir arrangert i regi av Stad 2020.

Regional utvikling: – Det som no er viktig er at vi får klargjort dei regionale ringverknadane av Stad Skipstunnel, seier Lars-Svein Drabløs. Foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

–Bakgrunnen for at denne konferansen i det heile kom i stand, har samanheng med eit besøk Kristine Dahl, rådmann i Selje, Åge Starheim, tidlegare stortingsrepresentant for Framstegspartiet (Frp) og eg hadde med sentrale politikarar i Oslo for ei tid tilbake, seier Lars-Svein Drabløs og legg til at sentrale stortingspolitikarar og komitéleiarar innan samferdsle, kommunal og næring kjem til å stille på konferansen som går over to dagar på Nordfjordeid.

Kysten

–Konferansen kjem til å handle langt om meir enn skipstunnelen si betyding for Stad kommune. På konferansen vil vi klargjere kva skipstunnelen vil ha å seie for utviklinga av sjøtransport, reiseliv og turisme, ikkje berre i Nordfjord, men for heile kyststrekninga frå Bergen til Ålesund. Det er viktig at kysten får det fokus den faktisk fortener, seier Lars-Svein Drabløs som understrekar at i både reiseliv og turistsamanheng kjem Stad skipstunnel til å bli ein «magnet» i seg sjølv.