Måløy Marine Ressurssenter

Roger Bergset ny dagleg leiar

Eidaren Roger Bergset er tilsett som dagleg leiar i Stiftelsen Måløy Marine Ressurssenter.

Roger Bergset er ny dagleg leiar i Måløy Marine Ressurssenter.  Foto: Stiftelsen Måløy Marine Ressurssenter

Nyhende

Han leiar no arbeidet med utviklinga av det nye marine forskingssenteret, og vil i løpet av kort tid starte utlysinga av to stillingar som forskingsleiarar og seinare ei stilling innan prosjektøkonomi og administrasjon.

– Bergset har lang erfaring med FoU- og innovasjonsprosjekt, forretningsutvikling, internasjonalisering og marknadsutvikling, seier styreleiar Olav Steimler i Måløy Marine Ressurssenter, i ei pressemelding.

– Han har vore med sidan idefasen og har stått for forprosjektet. Han har kjennskap til kva som skal til for å lukkast. Avtala er at han skal leie arbeidet fram til senteret er i full forskingsdrift. Deretter vil det vere naturleg å drøfte korleis eit slikt akademisk senter bør leiast i framtida.

– No i oppstartafasen er prosessleiing og teamutvikling vesentlege suksessfaktorar. Dette er kunnskap og erfaring som Roger Bergset har frå si tid i Segel AS. Måløy Marine Ressurssenter treng spesialkompetanse innanfor strategi- og forretningsutvikling, marknadsutvikling og internasjonalisering, innovasjon og prosjektleiing, seier Stemler.

Det marine ressurssenteret er ei ein regional satsing på forsking og utvikling innan havbruk og marine næring. Senteret bidreg til at kompetanse blir lett tilgjengeleg og at det kan rekrutterast høgt kvalifiserte forskarar og utviklarar til denne delen av landet.

– Vårt samarbeid med mellom andre Norges miljø – og biovitskapelige universitet på Ås sikrar god forskingskompetanse allereie no i starten. Fakultetet for biovitskap har som mål å bidra til å forme matproduksjon i framtida gjennom både grunnleggjande og anvendt forsking. Måløy Marine Ressurssenter er ein aktiv samarbeidspart og fleire prosjekt er allereie i gong. Samarbeidet med Måløy vgs. er teitt og delar av næringslivet vert involvert fortløpande med tanke på både konkrete utviklingsoppgåver og bruk av akademisk kompetanse.

– Vi reknar også med å ha på plass samarbeid med andre internasjonale marine forskingsorganisasjonar i løpet av kort tid, seier Roger Bergset.

Måløy Marine Ressurssenter reknar med å kunne ta på seg FoU oppgåver for lokalt og nasjonalt næringsliv i løpet av første halvår, og kome i gong i nytt forskingsbygg og laboratorium i løpet av året.