Fire brot på køyre- og kviletidsregelverket

Ein førar vart meld og tre åtvara for brot på regelverket for køyre- og kviletid.

Illustrasjonsfoto 

Nyhende

Under ein tungtransport- og køyre-/kviletidskontroll Statens vegvesen hadde på kontrollstaden på Kjøs tysdag kveld vart ein førar meld for brot på køyre- og kviletidsregelverket. Tre andre førarar fekk åtvaring for brot på same regelverk. Tre førarar måtte rydde i frontruta, medan  ein førar ikkje hadde merka køyretøyet godt nok. Totalt var det 40 køyretøy innom kontrollstasjonen der 14 av desse vart kontrollerte.